Owen Jones, vindu i Hall of the Two Sisters, Alhambra.Fra Plans,Elevations,Sections and details of the Alhambra,London 1836–45. © Victoria and Albert Museum / V&A Images
  • 30. januar–30. april 2011
  • Kunstindustrimuseet

Utstillinga utforskar korleis den viktorianske designeliten, med Owen Jones i spissen, studerte islamsk kunst og tok til seg idealet om geometrisk abstraksjon, flatemønster og polykromi, og med dette skapte ein ny visjon for framtida.

I mellomalderen og under renessansen trakk ein i stor grad vekslar på den arabiske verda i europeisk materiell og intellektuell kultur. Dette gjentok seg i det 19. århundret, og då i mykje større grad enn ein har teke inn over seg. Tendensen har fortsatt heilt fram til vår tid. Denne utstillinga viser korleis Vesten søkte seg til den islamske verda for ei hardt tiltrengt modernisering av vestleg design og arkitektur.

Nyskapande raffinement og større integritet

Islamsk kunst hadde enorm innverknad på britisk og europeisk design og arkitektur i andre halvdel av det nittande hundreåret, og resultatet var nyskapande raffinement og større integritet. Owen Jones (1809–1874) var ein leiande aktør i denne designrevolusjonen. Han var ein erfaren og allsidig designar og arkitekt som også var ein av si tids store kunstteoretikarar. Utstillinga rommar gjenstandar frå Victoria and Albert Museum og frå Nasjonalmuseets samling, og viser korleis Jones klarte å sette i verk denne gjennomgripande endringa.

Promovering av islamsk kunst som modell for moderne design

Jones' nye teoriar var basert på studiar av Alhambra i Spania, og han brukte desse som basis for banebrytande interiørdesign til den første verdsutstillinga som vart arrangert i London i 1851. Hans utrettelege promovering av islamsk kunst som modell for moderne design vart hans varemerke, og dette blir reflektert i hans viktige bidrag til etableringa av Victoria and Albert Museum. Teoriane er utførleg skildra i hans store design- og ornamenthandbok, «The Grammar of Ornament» (1856), som fekk enorm betydning for den viktorianske designreforma, og som framleis blir brukt av designarar den dag i dag.

Utstillinga

Utstillinga viser 105 arbeider i tillegg til fleire originale designgjenstandar, litografiar, bøker og objekt laga av Owen Jones sjølv. Også kunstverk laga av andre britiske, europeiske og norske designarar, blir presenterte. Alt inspirert av islamsk kunst og design.

Utstillinga er tilrettelagt av Victoria and Albert Museum, London, i samarbeid med Nasjonalmuseet.

Kuratorar i Victoria and Albert Museum: Mariam Rosser-Owen og Abraham Thomas
Kurator i Nasjonalmuseet: Widar Halén