Sven Ivar Dysthe, «Planet», 1963.
Foto: Nasjonalmuseet
  • 5. mai–25. august 2013
  • Kunstindustrimuseet

Sven Ivar Dysthe (f. 1931) er ein av våre fremste designarar og kan sjå tilbake på ei 60 år lang karriere.

Han fikk ein pangstart då han, som student ved Royal College of Art i London, vart vald ut til å lage eit treskrin for skulens kroningsgåve til dronning Elizabeth i 1953. Sidan har han vore aktuell i internasjonal design med eksportsuksessar som 1001, Planet og Laminette.

Sistnemnde er ein av Noregs mest brukte i offentlege miljø og ein stol vi truleg alle ein eller annen gong har sete på. Industridesignaren Dysthe har også bidratt innan skisporten med sine revolusjonerande skibindingar i plast på 1960- og 70-talet, og stolen hans Gardist har gitt sittekomfort på Noregs hovudflyplass, Gardermoen.

Den prisløna og dekorerte designaren har også vore aktiv i å få relansert fleire av sine hovudverk, Planet-, Laminette-, Popcorn- og Prisma-stolane, slik at ein også kan nyte designet hans i framtida.