Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland
  • 18. september 2004–2. januar 2005
  • Museet for samtidskunst

Annette Messager er ikkje redd for å overdrive. Ho har heller ikkje vore redd for det populære. Den franske kunstnaren, som er sentral på den internasjonale kunstscena, eksperimenterer med eit vell av ulike sjangrar og medie – alltid på ein leken og burlesk måte. Kunsten hennar er vanskeleg å kategorisere. Både det lystige og det makabre har ei rolle. «Det er sant at eg alltid ønskte å presentere begge sider av ei sak», seier Messager, valt til å representere Frankrike på Venezia-biennalen i 2005. Utstillinga er den første store mønstringa av Annette Messager sin kunst i Noreg.

Messager fortel historier om mennesket og mennesket si ferd gjennom livet – og gir verka titlar som Historia om kjolane, eller samlar dei i album med referansar til ulike sider ved kunstnarskapet sitt, som Annette Messager samlar, Annette Messager svindlar osb. Ho klipper ut vakre kvinner frå vekeblad og ”pyntar” på dei, teiknar inn rynker, svarte tenner m.m., og kallar det for Mine sjalusiar. Nokre gonger vil ho fortelje mange historier samtidig. Men forteljingane er ikkje strukturerte, med byrjing og slutt, ofte er det berre fragment av forteljinga om kva det vil seie "å vere".

Mange av objekta Messager bruker i installasjonene sine er ting vi kjenner frå kvardagslivet – vantar, fiskenett, puter, blyantar, bøker, tekstilar og kosedyr. Men i hennar tilarbeidingar opptrer dei i nye samanhengar. Fargeblyantane stikkast inn i fingervantar som omskapast til daudinghovud. Utstoppa fuglar og kosedyr blir dissekerte og remonterte på stakar i ein surrealistisk parade. Ho leikar med ord og signaturar og lagar fotocollagar med utgangspunkt i si eiga rike fantasiverd.

Nokre av materiala Messager bruker går igjen i perioder. Dei siste åra har ho til dømes vore svært opptatt av kosedyr. Dei opptrer i ulike samanhengar – nokre gonger som hyggelege, mjuke leikedyr, andre gonger i komplekse installasjonar, eller hekta på elektroniske skinner der dei dannar intrikate rørlege system, med skiftande betydning. Svart netting har også vore mykje brukt, for å avdekkje eller dekkje til, som i Replikantane, der menneskeliknande figurar og utstoppa dyr er fanga i den samanfiltra nettingen.