• 17. januar–7. mars 2004
  • Museet for samtidskunst

Utstillinga presenterer bilete av den kjende amerikanske fotografen som ofte omtalast som mannen som fekk fargane inn i kunstfotografiet. Serien Los Alamos inkluderer over 80 bilete og stammar frå reiser Eggleston gjorde i USAs sørstatar i perioden 1965–74. Motiva viser tidlause situasjonar og objekt frå kvardagslivet, men Eggleston gjer det ordinære om til noko ekstraordinært.

William Eggelston byrja å fotografere for alvor då han var rundt 18, og let seg fascinere av bileta til m.a. Henri Cartier-Bresson. På denne tida skulle kunstfotografiet vere i svart-kvitt, og Eggleston braut konvensjonen då han omkring 1964 byrja å eksperimentere med fargebilete. Han tok bilete frå nærmiljøet rundt Memphis og Mississippi, og inkluderte ofte familie og vener i bildekomposisjonane sine, eller såkalla ”demokratiske fotografi”. Nemninga viser til at sjølv om kvart fotografi er ei ega eining, med si eiga historie som tilskodaren kan fantasere om, er dei samtidig del av ein større heilskap. 

I mange av Egglestons bilete er det menneske, men han let også gjenstandar vere referansar til eit menneskeleg nærvær utanfor det biletet viser; ei halvfull brusflaske på eit bilpanser, eit handskrive skilt fullt av skrivefeil, osb. Han tek aldri meir enn eitt bilete av eit motiv, og han kjenner kameraet så godt at han ikkje alltid ser gjennom linsa når han tek biletet. Likevel er ikkje resultatet basert på det vilkårlege – motivet er nøye studert før biletet tas. Det store gjennombrottet kom i 1976 då Eggelston sine fotografi vart vist på MoMA (Museum of Modern Art) i New York. I 1998 mottok Eggleston den prestisjefylte Hasselblad-prisen, og i 2002 deltok han med 30 bilete i Dokumenta 11.

Bileta i Los Alamos-serien er dei første Eggleston utførte i fargar, men dette var første gong dei vart presenterte samla. Hans spesielle blikk på omgjevnadene, og evna til å fange opp situasjonar, gjer at bileta hans held til i grenselandet mellom fiksjon og verkelegheit. Eggleston si sentrale rolle innan fotokunstens historie skuldast ikkje berre at han var den første til å ta i bruk fargebilete, men også bruken hans av den uformelle ”snapshot"-stilen. Hans tilsynelatande enkle og kvardagslege motiv ber ofte i seg ein undertone av noko anna og til tider trugande. Dette forsterkast av fargebruken som gjerne er intens og uharmonisk. Utsnittet i bileta hans er ofte uvanlege, og framkallingsteknikken, den såkalla ”dye-transfer” der kvar farge kan behandlast individuelt, gir mulegheit til å tilføre bileta ei eiga fortetta atmosfære.

Los Alamos er namnet på ein by i New Mexico, USA. Den er mest kjend for sitt atomkraftlaboratorium som i all hemmelegheit utvikla verdas første atombombe. Fotografia er ikkje derifrå, men med denne tittelen ber utstillinga i seg ein assosiasjon til noko farleg, noko som ligg under den tilsynelatande spontane kvardagsrealismen i motiva i bileta. Los Alamos-serien inneheld i alt 88 fotografi, kvart av dei måler 60 x 80 cm.