• 16. september–31. desember 2008
  • Museet for samtidskunst, Nasjonalgalleriet og

Musea sin ryggrad er samlingane. Berre ein brøkdel av eit isfjell er over vassflata. Slik er også forholdet mellom synlege verk i faste eller temporære utstillingar og dei totale museumssamlingane. Rikdomen i magasina er ein føresetnad for å kunne forske og skape tilfredsstillande utstillingstilbod.

Verdien av samlingsarbeidet vil vi prøve å synleggjere i prosjektet "Bak fasaden". Dette er ein prosess – ikkje utstillingar i vanleg forstand som presenterast ferdige på opningsdagen. Publikum får innblikk i katalogisering, restaurering og fotografering av kvart unike objekt. Difor vil presentasjonen endre seg over tid etter kvart som arbeidsprosessen går framover.

Kunstindustrimuseet
18. september 2008–3. januar 2009: Møbler frå sans og samling
Frå 26. oktober 2008–: Studiesamlinga for glas og keramikk
Frå 26. oktober 2008–: Draktsamlingane

Museet for samtidskunst
Haust 2008–25. januar 2009: Installasjonar
I heile 1. etasje i Museet for samtidskunst visast ei rekkje nyinnkjøpte og eldre installasjonar.

Nasjonalgalleriet
16. oktober 2008– 31. januar 2009: Illustrasjonar til Snorres kongesagaer