Foto: Nasjonalmuseet
  • 8. juni–19. september 2010
  • Museet for samtidskunst

Sidan slutten av 1990-talet har Marte Aas markert seg med fotografi av urbane landskap. Fotografia har eit særprega uttrykk i vekslinga mellom det iscenesatte og det dokumentariske.

Det dokumentariske tilsnittet har blitt understreka ved ei nøytral beskrivande form. I dei seinare åra har Aas opna formspråket meir for varierte kunsthistoriske referanser, med innverknad frå naturalisme, impresjonisme og modernisme. Samtidig har ho byrja å arbeide med film. Utstillinga viser eit utval fotografi og filmar, mellom anna serien "Screens and Hedges" (2008) og hennar nyaste film "Crop Cirles" (2010).

Kurator for utstillinga er Eva Klerck Gange.