• 14. januar 2011–15. januar 2012
  • Museet for samtidskunst

I utstillinga ønskjer vi å vise viktige installasjonar i museets eige. Vi vil også gi eit inntrykk av potensialet i samlinga og museets store ambisjonar, slik vi føresteller oss at dei kan bli realiserte i Nasjonalmuseets planlagte nybygg på Vestbanen.

Verka i utstillinga viser eit stort mangfald, men det finst likevel mange forbindelseslinjer mellom dei. Ein fellesnemnar er perioden desse kunstformene er blitt til i. Sjølv om ein innan romkunst, «environments» og installasjon finn ein tradisjon frå avantgarden tidleg på 1900-talet, har installasjonen som «form» først og fremst hatt ei blomstring frå 1980-talet og fram til i dag. Verka vi viser i utstillinga er frå denne perioden, og dei gir tilkjenne openberre historiske referansar knytt til kunsten i dei siste tiåra.

Kunstnarar som er med: Marianne Heske, Christian Boltanski, Suvi Nieminen, Olav Christopher Jenssen, Per Barclay, Maria Serebriakova, Magnus Wallin, Bill Viola, Per Maning, Anish Kapoor, Bjarne Melgaard, A K Dolven, avaf, Silvie og Shérif Defraoui, George Adéagbo, Else Marie Hagen, Jon Gundersen, William Kentridge, Louise Bourgeois og Ilya Kabakov.

Kurator for utstillinga er Randi Godø.