PHIL COLLINS «The world won’t listen», 2004-2006 (filmstill). Courtesy of the artist, Tanya Bonakdar Gallery, New York
  • 14. september 2012–20. januar 2013
  • Museet for samtidskunst

«All art constantly aspires towards the condition of music.»
Walter Pater

Sidan gjennombrottet til MTV på TV-skjermane på 80- og 90-talet, har musikkvideoar blitt allemannseige i store delar av befolkninga. Mange meiner at musikkprogrammet førte til den perfekte samanblandinga av lyd og bilde. Stadig fleire er vande med, og aksepterer, filmar utan lineære narrative handlingar – og moglegskapane til å eksperimentere er enorme. Musikken er ei slags kollektiv sjel, eit uttrykk for identitet, image, politikk og det å høyre til. Dei fleste menneske har visse songar knytte til liva sine, til spesielle høve, kjensler eller møte. Musikk gir ofte ei multisanseleg oppleving, og mange biletkunstnarar ser musikkens umiddelbare tilgjenge som eit ideal dei ønsker å uttrykke gjennom sitt eige arbeid.

Utstillinga fokuserer hovudsakleg på den yngre generasjonen kunstnarar. Ho inneheld arbeid frå seint 1990-tal til 2012, men gir også plass til historiske referanseverk.

Musikkens påverknad på biletkunst

Musikk er den sjangeren som oftast finn gjenklang i samtidskunsten. Musikkens betydning har alltid vore sentral for mennesket, og musikkens påverknad på biletkunstnarar og deira verk er verken nytt eller overraskande. Gustav Klimt hylla Schubert, Arnold Schönberg var inspirert av dei abstrakte formene til Wassily Kandinsky då han utvikla sitt atonale system, og Morton Feldman samarbeidde tett med Mark Rothko.

Først på 50-talet, då populærkulturen fekk innpass i musea og den elitistiske kunstverda, knytte det auditative og det visuelle verkeleg tette band. Det berømte «banan-coveret» til Andy Warhol på Velvet Undergrounds første album er i dag eit ikon i historia til musikken og samtidskunsten.

Stor presentasjon

Den internasjonale gruppeutstillinga blir vist i begge etasjane i Museet for samtidskunst. Utstillinga set fokus på rolla musikk spelar i dagens samtidskunst. Dei aktuelle kunstnarane bruker musikk eller musikalske element i kunsten sin. Mange av dei er – i tillegg til å vere biletkunstnarar – musikarar, direktørar for plateselskap, musikkvideoregissørar, bandmedlem eller komponistar.

40 internasjonale kunstnarar

Utstillinga omfattar verk av omkring 40 kunstnarar frå USA, Noreg, Sverige, Tyskland, Austerrike, England, Peru, Tyrkia, Færøyane, Portugal, Sudan, Island, Canada, Ecuador, Danmark, Finland, Polen, Sveits og Nederland. Utstillinga spenner over ulike uttrykksformer, som måleri, skulptur, video, lydinstallasjon og foto.

«The sound you do not hear but see, and the visual you cannot see but hear, is the work.» Rob Mazurek

Sjå med øyrene

Nokre delar av utstillinga vil sette publikum i bevegelse, medan andre delar inviterer til kontemplasjon. Nokså ofte er musikken den konseptuella ryggrada til kunstverket, det visuelle, det usynlege, og ein må «sjå» med øyrene. Men utstillinga viser også tause instrument gjort om til skulpturar eller installasjonar, der ein må bruke augene til å «lytte» til ein innbilt musikk.

Ei anna gruppe arbeid viser at kunstnarar er fascinerte av rytmen som kompositoriske element i kunstverka sine. Dette blir truleg vist spesielt godt i verka som tek i bruk tromma eller trommeslagaren. Sist men ikkje minst, er performance ei hyppig brukt uttrykksform i biletkunstnarar si tilnærming til musikk. Nokre forvandlar skulpturar eller installasjonar til performative objekt eller gjer publikum til aktive deltakarar i eigne verk.

Dei utstilte verka er delt inn i sju ulike tema: Live!, Performing sculptures, Synesthesia, Get up and dance!, Sing along!, Looking to the classics og The sounds of silence.

Utstillingskuratorar: Stina Högkvist og Sabrina van der Ley.

Kunstnarliste: Nevin Aladağ, Dave Allen, Apparatjik & Audiokolor, Fikret Atay, Tim Ayres, Johanna Billing, Arild Boman, Christoph Brech, Catti Brandelius, Laura Bruce, Clegg and Guttmann, Sophie Clements, Phil Collins, Malin Elgan, William Engelen, Mohamed Ali Fadlabi, Graham Dolphin, Gilbert & George, Goodiepal, Dan Graham, Rodney Graham, Her Noise Archive, Tellervo Kalleinen & Oliver Kochta-Kalleinen (Complaints Choir), Idris Khan, Ragnar Kjartansson, Stian Eide Kluge, Erkki Kurenniemi, Jan Köchermann, João Ferro Martins, KILLL, Simon Dybbroe Møller, Bruce Nauman, Terje Nicolaisen, Camille Norment, Libia Castro & Ólafur Ólafsson, Susan Philipsz, Adrian Piper, Santiago Reyes, Michael Sailstorfer, Tom Sandberg, Wilhelm Sasnal, Félix González-Torres, Tori Wrånes og David Zink Yi.

Framføringar med blant andre: Apparatjik & Audiokolor og Sølvguttene, Diamanda Galas og KORK, KILLL, Oslo Complaints Choir og Georg Wadenius, Cikada, Olaf Nicolai & Neue Vocal Solisten Stuttgart og Tetine (brasiliansk slam-dunk-duo) Tori Wrånes og Camille Norment.

Samarbeidspartnarar: Ultima, Ny Musikk, Norsk Scenekunstbruk, WiMP, TrAP, Cinemateket
Sponsorar: Fritt Ord, FINNO, Henry Moore Foundation, Mondriaan Fonds