Dag Erik Elgin, «Abendzeichnungen», 1996–2004.
  • 2. mars–5. august 2012
  • Museet for samtidskunst

Utstillinga «Prisme» er den første store presentasjonen av samtidsteikning ved Museet for samtidskunst, og ein av få store teiknemønstringar nasjonalt og internasjonalt. Utstillinga viser eit breitt spekter av uttrykk og former med ein viktig fellesnemnar – dei blir alle definerte som «teikning».

Eit urmedium

Ordet «teikning» stammar frå norrøne teikn, som kan bety alt frå ein indikasjon og eit symbolsk uttrykk for noko, til ei rørsle eller eit spor. Det ligg i mennesket sin natur å teikne. I oldtida vart dyr og former rissa inn i fjellveggar, og gjennom teikning får fantasien og verkelegheita til barnet sitt første visuelle uttrykk. Teikninga er verktøyet til ideane og fantasien; abstrakte uttrykk og former blir konkrete.
Også kunsten si første uttrykksform var teikning. Men teikninga har ofte fungert som, eller i alle fall blitt betrakta som, eit forarbeid eller ein studie for verk i andre teknikkar. Dette har ført til at mediet har lidd under eit lågt omdømme som sjølvstendig kunstart i kunstfeltet blant samlarar, skribentar og utstillingsstader. Blant kunstnarar og det breie laget av befolkninga derimot, har teknikken alltid vore ei svært populær og utbreidd uttrykksform.

Samtidsteikning

Det er ikkje teikning i klassisk forstand vi får presentert i denne utstillinga, men teikning slik den blir forstått og definert av eit knippe av våre mest sentrale samtidskunstnarar. I løpet av dei siste to tiåra har teknikken utvikla seg og blitt utvida. Han inkluderer i dag ei rekkje kreative uttrykksformer som tidlegere ikkje vart definerte som teikning. Utstillingstittelen «Prisme» viser til ein reiskap som gjer fleire innfallsvinklar muleg, slik eit glassprisme bryt lys i eit spektrum av ulike fargar. For at teikninga med sine nye former og variantar skal kunne overleve som eit autonomt kunstmedium, er det essensielt å sjå nærare på eksperimenteringa som er i gong.

Mangfald

Utstillinga rommar alt frå digitale teikningar til teikning som performance: verk laga av papir med skulpturelle kvalitetar og bilde laga med søm på tekstil. Vi får også presentert arbeid med ei meir konseptuell tilnærming til mediet: Kva er ei teikning? Og kva er ein kopi av ei teikning? Eller kva er verkelegheit, og kva er ei framstilling av verkelegheita? Slik problematiserer og eksperimenterer kunstnarane med ulike nivå og aspekt ved den gamle teknikken.

Ei utstilling for alle

For å løfte opplevinga av utstillinga, inviterer vi publikum til å teikne sjølv, enten med blyant, eller digitalt verktøy. Teikningane vil bli presenterte på ein eigen vegg. Museet arrangerer i tillegg ein eigen «teikninga sin dag», der publikum kan teikne saman med, eller bli portretterte av, profesjonelle utøvarar innan sjangeren. Vi inviterer også til eit eksklusivt besøk i den unike samlinga av gamle originalteikningar i Nasjonalgalleriet.

Teiknarane

Utstillinga inkluderer sentrale norske og internasjonale kunstnarar. Fleire av arbeida er henta frå samlinga til Nasjonalmuseet, og enkelte av desse blir vist for første gong i museet. Vi vil også presentere heilt nye arbeid som er spesielt laga for utstillinga. Følgjande kunstnarar er representerte: Ghada Amer og Reza Farkhondeh, Vanessa Baird, Markus Brendmoe, Frédéric Bruly Bouabré, Carlos Capelán, Tony Cragg, Mariana Castillo Deball, Dag Erik Elgin, Roar Werner Eriksen, Bertil Greging, Jan Groth, Kalle Grude, Wenche Gulbransen, Ane Mette Hol, Patrick Huse, Zhang Chun Hong, Olav Christopher Jenssen, Anish Kapoor, William Kentridge, Richard Long, Lotte Konow Lund, Pierre Lionel Matte, Ian McKeever, Hans Hamid Rasmussen, Robin Rhode, Leonard Rickhard, Nancy Rubins, Hanns Schimansky, Tiril Schrøder, Penny Siopis, Øyvind Torseter, Karin M. Valum, Kjell Varvin, Jorinde Voigt og Ryszard Warsinski.

Kurator for utstillinga er Gavin Jantjes.