Jobber ... Jobber ...
  • 25. april–15. september 2013
  • Museet for samtidskunst

Nasjonalmuseet presenterer den første separatutstillinga til Ida Ekblad i eit museum. Utstillinga er ein del av Museet for samtidskunst sin serie med presentasjonar av yngre norske samtids­kunstnarar, som sidan starten i 2009 har inkludert Matias Faldbakken, Camilla Løw, Snorre Ytterstad og Marte Aas.

Kunsten til Ida Ekblad sameinar laussluppen fantasi med ein inngåande kjennskap til kunsthistorien. Måleria hennar er modige demonstrasjonar av relevansen og moglegskapane i den ekspressive kunstnariske gesten.

Ekblad arbeider parallelt og uhierarkisk med medium som måleri, skulptur, installasjon, performance og dikting. Ho lar seg inspirere av ulike retningar frå kunsthistorien, som CoBrA, situasjonisme og abstrakt ekspresjonisme. Ho spelar også på uttrykksformer frå populærkulturen og ulike subkulturar, deriblant ikkje-visuelle kulturfelt som litteratur og musikk.

I tilknyting til denne utstillinga har Ekblad brukt museet som atelieret sitt og skapt meir enn 30 verk på staden. Med desse nye verka har ho improvisert fram ein performativ arkitektur basert på industriavfall, tilfeldige gjenstandar og handlevogner. Gummihjula til vognene vart brukt til å trykke utdrag av dikt på lerret, som seinare er hengt opp på veggane som ein serie måleri i stort format.

Prosessorientert kunst

Ekblad arbeider prosessorientert, og tilnærminga blir gjerne skildra som spontan og uredd. Ho lagar installasjonar, skulpturar og arbeid som ligg nær collage og assemblage-teknikkane av skrap og ting ho finn langs vegen og på byggeplassar i nærleiken av stadane ho arbeider. Det som tilsynelatande har mista verdien sin og hamna på ein skraphaug får ny betydning ved bruk i eit kunstverk med andre eigenskapar og konnotasjonar.

Ida Ekblad (f. 1980) bur og jobbar i heimbyen Oslo. Ho har utdanning frå Kunsthøgskolen i Oslo (2007) og frå The Mountain School of Arts i Los Angeles, USA (2008). Sjølv om Ekblad framleis er i byrjinga av karrieren sin, har ho rokke å bli ein anerkjend kunstnar med deltaking i fleire museumsutstillingar internasjonalt.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet, Kunstmuseum Luzern og De Vleeshal, Middelburg.

Utstillingskurator: Andrea Kroksnes