Kjartan Slettemark, «Osloborgere».
Foto: Nasjonalmuseet / Morten Thorkildsen
  • 15. september 2013–23. februar 2014
  • Museet for samtidskunst

Kjartan Slettemark (1932–2008) er ein av Nordens mest kjende, elska og utskjelte kunstnarar. Han var ein pioner på mange område, og ein av dei første som arbeidde med performance og aktivistisk kunst i Norden. For Slettemark var kunsten det aller viktigaste, og heile livet proklamerte han kunstens og kunstnarens rett til ytringsfridom.

I meir enn 50 år var han ei aktiv og drivande kraft på den nordiske kunstscena. For Slettemark eksisterte det inga skiljelinje mellom kunsten og livet. Den spesielle stavinga av fornamnet hans viser korleis kunsten hadde vore ein del av han heilt sidan han vart døypt.

Omfattande presentasjon

Dette er den første altomfattande retrospektive Slettemark-utstillinga sidan han døydde i 2008. Det er også den første større utstillinga av verka hans som blir vist i Oslo etter det offisielle gjennombrottet på Kunstnernes Hus i 1982. Sidan livet til Slettemark står for ein så sentral del av det kunstnarlege innhaldet, følgjer utstillinga det kunstnariske virket hans stort sett kronologisk. Tidsmessig strekker ho seg frå dei første teikningane han teikna i Naustdal i Sunnfjord til dei siste verka han produserte i Stockholm.

Kunsten delt i to ulike periodar

Det kronologiske aspektet i kunstnarskapet til Slettemark er viktig, då ein grovt sett kan dele kunsten hans i to ulike periodar. Skiljelinja går ved slutten av 1970-talet. Før dette framstod han som ein som kjempa mot det autoritære, der hovudfokus retta seg mot ein ytre fiende. Rundt slutten av 1970-talet gjekk han over til å plassere seg sjølv i sentrum i ein meir introvert kunstpraksis. I staden for å kritisere systemet og den sitjande makta, begynte kunsten hans å få ein lækjande karakter. Den viktigaste oppgåva til kunsten var ikkje lenger å kritisere, men å lækje. Vondt skal med kunst fordrivast.

Eit middel for å oppnå fridom

Gjennom heile kunstnarskapet til Slettemark blir kunsten nytta som eit middel for å oppnå fridom på det individuelle og kunstnarlege planet. Kunsten påverkar livet, og livet påverkar kunsten. Men det heile er underlagt eg-ets autonomi. Alle dei «tærne han trampet på» og dei utallige identitetane han kledde på og av seg gjennom heile det produktive livet sitt, var ikkje noko anna enn eit bilde på individets fridom til å skape seg sjølv. Medan Slettemark sine uttrykk og strategiar endra seg over tid, framstår det transcendentale målet om å utslette eit fast eg som konstant.

Kurator for utstillinga er Stina Högkvist.