Mai Hofstad Gunnes, «An Everywhere of Silver», 2009, videoinstallasjon
  • 15. februar–18. august 2013
  • Museet for samtidskunst

Frå 1980-talet til i dag har norsk videokunst utvikla seg frå å vere ein marginal del av kunstfeltet til å innta ei dominerande stilling. Denne utstillinga presenterer eit utval av norsk videokunst frå åra 1980 til 2010.

Her følgjer vi video, som ein ny kunstnarisk teknikk, frå slutten av 1970-talet, til dagens situasjon, der video som medium blir inkludert i eit digitalt felt.

Utviklinga går frå eit konseptuelt og medieteknisk basert uttrykk, til ei postmoderne uttrykksform der videoen blir integrert digitalt med tilstøtande teknikkar som film og fotografi.

I praksis famnar bruken av video langt utover kunstfeltet og vart utvikla i same periode, frå midten av 1960-talet, som dei tradisjonelle kategoriane måleri, skulptur, teikning, grafikk og fotografi begynte å endre seg.

Korleis blir video definert i ein kunstsamanheng? Kan spesifikke kvalitetar ved video følgjast over tid? Kva retning har utviklinga av video tatt i løpet av dei siste tretti åra?

Tematisk inndeling

Videoverka blir behandla i tematiske grupperingar og viser til sentrale berøringspunkt mellom den teknologiske og den kunsthistoriske utviklinga; Eit konseptuelt utgangspunkt – sjølvrefleksjon og tid, Det materielle – lyd og bilde, Eit formalt utgangspunkt – komposisjon og tid, Performance – tid og rammer, Det virtuelle – eit ekspansivt medium, Identitet – iscenesettelse og rollespel, Ei forskyving av uttrykket til filmen – dokumentar og fiksjon, og Eit poestisk narrativ – det medierte bildet.

Kunstnarar representerte i utstillinga:
Kristin Bergaust, Kjell Bjørgeengen, Morten Børresen, A K Dolven, Unn Fahlstrøm, Matias Faldbakken, Bodil Furu, Marit Følstad, Mai Hofstad Gunnes, Jason Havneraas, Marianne Heske, Narve Hovdenakk, Lars Laumann, Lotte Konow Lund, Jannicke Låker, Per Maning, Elisabeth Mathisen, Trine Lise Nedreaas, Ole Jørgen Ness, Sven Påhlsson, Kjartan Slettemark, Per Teljer, Jeremy Welsh og Knut Åsdam.

Kurator: Eva Klerck Gange

Utstillinga er støtta av: Fritt Ord