Jobber ... Jobber ...
  • 12. september 2014–4. januar 2015
  • Museet for samtidskunst

I hjartet av samlingane til Nasjonalmuseet finn vi måleriet, mediet som dominerte utstillingane i museet på første halvdel av 1900-talet.

Samtidig med frambrottet til postmodernismen i andre halvdel av hundreåret, vart måleriet pressa ut på sidelinja. I samtidskunstens diskurs vart det hevda at det hadde utspelt rolla si. Etter tusenårskiftet auka likevel interessa for det gamle, utskjelte mediet igjen. Mykje tyder på at måleriet no er tilbake i samtidskunsten på eigne premissar, og spennet i uttrykk og form er større enn nokon gong. For første gong på femten år blir det vist ein brei presentasjon av samtidsmåleri i Museet for samtidskunst. Utstillinga «An Appetite for Painting» viser til saman 55 verk av 13 anerkjende norske og internasjonale målarar. Dei fleste verka er produserte i løpet av dei siste to åra. Dei består hovudsakleg av innlån, men også måleri frå samlinga til Nasjonalmuseet blir vist.

Medverkende kunstnarar i utstillinga er: Marlene Dumas (Sør-Afrika/Nederland), Dag Erik Elgin (Noreg), Olav Christopher Jenssen (Noreg), Analia Saban (Argentina/USA), Mari Slaattelid (Noreg), Jitish Kallat (India), Chris Ofili (Storbritannia), Gordon Bennett (Australia), Andreas Eriksson (Sverige), Dorothy Napangardi (Australia), Kerry James Marshall (USA), Tomory Dodge (USA) og Brian Blanchflower (Australia).