Grip friheten! Take Liberty!
I samband med Grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet fem utstillingar: tre historiske utstillingar under fellestittelen «Norge 1814», og to samtidskunstutstillingar.
Denne internasjonale gruppeutstillinga viser verk som tematiserer demokrati, nasjonal identitet og personlig fridom. Ivaretakinga av individets fridom har blitt eit kontroversielt tema der omgrepet nasjon spelar ei tvetydig rolle.
Utstillinga er ein del av Grunnlovsjubileet og vil reflektere over, tolke og kommentere dei filosofiske og politiske ideala frå 1814 i eit samtidsperspektiv.
Eit viktig tema i utstillinga er ytringsfridom, noko som er ein av dei sentrale menneskerettane formulert i den norske Grunnlova. Utstillinga viser verk av internasjonale kunstnarar som er opptatte av moglegskapane, men også truslane, ved å uttrykke seg i ei verd som framleis er prega av systematiske brott på menneskerettane. Omgrep som demokrati, sjølvstende og nasjonalitet blir sett inn i samtidige diskursar om kultur og mangfald og om kampen for fridom og frihetsideal. Menneskerettane og personleg fridom blir utfordra. Tradisjonelle omgrep som statsborgarskap og nasjonar blir ustabile.
Kunstnarane representerte i utstillinga inkluderer John Akomfrah, Maja Bajevic, Andrea Bowers, Libia Castro & Ólafur Ólafsson, Phil Collins, Jeremy Deller, Olga Egorova og Natalya Pershina (Chto Delat), Gardar Eide Einarsson, Jihan El-Tahri, Matias Faldbakken, Rainer Ganahl, Sharon Hayes, Marianne Heier, Susan Hiller, Glenn Ligon, Jumana Manna og Sille Storihle, Aleksandra Mir, Pussy Riot, Slavs and Tatars, Superflex, Rirkrit Tiravanija og Ai Weiwei.
Som ein del av utstillinga blir det vist ein installasjon av Maja Bajevic i Nasjonalmuseet – Arkitektur.
Utstillingskurator: Andrea Kroksnes
Formidlingskurator: Anita Rebolledo
Prosjektleiar: Liva Mork