Mario Merz,«Forskyvninger av jorden og månen på en akse»(original title: "Spostamenti della terra e della luna su un asse"),2002
  • 13. mars 2015–14. august 2016
  • Museet for samtidskunst

Denne tematiske samlingsutstillinga tar utgangspunkt i arte povera-rørsla, som representerer eit av dei mest sentrale samlingsområda til museet. Vi vel difor dette fokuset no, 25 år etter at Museet for samtidskunst opna dørene for publikum. 2 500 av Nasjonalgalleriets og Riksgalleriets kunstverk frå tida etter 1945 var grunnlaget for samlinga som i dag tel over 5 000 norske og internasjonale verk.

For siste gong stiller vi ut gullet i samlinga i den ærverdige, tidlegare Norges Bank-bygningen, før vi flyttar inn i det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen. I tillegg til ei rekke arte povera-verk, viser utstillinga arte povera sin slektskap til samtidige praksisar innan konseptkunst, land art og postminimalisme. Utstillinga set også søkelys på nyare verk som tydeleggjer at kunstdebattane på 1960-talet framleis har relevans for yngre kunstnargenerasjonar.

Det blir mellom anna eit gjensyn med Gilberto Zorio sin installasjon Uten tittel (Kano) – ein merkeleg transformasjon av energi, alkymi, boblande kjemi og gjennomtrengande lyd. Publikum får også oppleve den vakre igloen til Mario Merz – ein stor installasjon i glas og neon, med duftande kvistar. 

Fattig kunst

Utgangspunktet for arte povera var dei politiske protestrørslene på slutten av 60-talet, som studentopprør og borgarrettskamp, ein generell opposisjon til forbrukarsamfunnet og ei aukande kommersialisering av kunstverda. Omgrepet arte povera vart introdusert av den italienske kunstkritikaren Germano Celant som arrangerte utstillinga «Arte Povera – Im Spazio» med ei lita gruppe unge, italienske kunstnarar i 1967. Kunstnarar som Michelangelo Pistoletto, Giovanni Anselmo, Pier Paolo Calzolari, Jannis Kounellis, Giulio Paolini, Guiseppe Penone og Mario Merz representerte noko nytt og grenseoverskridande, og den kunstnariske praksisen deira var nært beslekta med amerikansk konseptkunst, antiform og prosesskunst. Dei utnytta til fulle samtidige uttrykksformer som happenings og installasjonskunst. 

Arte povera-kunstnarane sin praksis var både konseptuell og sensuell, poetisk og jordnær. Dei tematiserte og kommenterte både fortida og notida, naturen og kulturen, og «høg» og «låg» kunst. Fleire av verka appellerte til publikums sansar: lukt, berøring, lys og temperatur. Kunstnarane jobba med ulike materiale; dei samanstilte industrielt framstilte gjenstandar som neonlys, glas og klede med organiske, naturlege materiale som grønsaker, levande dyr, jord, ild og vatn. Arte povera representerer ikkje ein fattig eller utarma kunst, men ein kunst som er skapt i komplett fridom og openheit i forhold til materiale og prosess.   

Rik arv

Arte poveras tankeinnhald, materialhaldning og arbeidsprosessar har hatt betydning for samtidskunstnarar dei siste 40 åra. Dette blir gjenspegla i samlingshistoria til museet, som både inkluderer betydelege arte povera-verk og beslekta praksisar innan land art, postminimalisme og konseptkunst. Ei rekke viktige norske og internasjonale kunstverk utgjer den rike arven der resonans frå arte poveras innverknad er tydeleg. Publikum vil, gjennom ei vandring i utstillinga, både sjå museets arte povera-verk og ha moglegskap til å samanlikne og oppdage parallelle praksisar som Camilla Løws og Kristina Bræins leik med minimalisme, Ida Ekblads skulpturar av funne søppelmateriale, «det formlause» hos Camilla Wærenskjold og Jeannette Christensen, og ei kritisk og konseptuell tilnærming hos Matias Faldbakken, Gerard Byrne og Mario García Torres.

Kunstnarar

Giovanni Anselmo, John Baldessari, Miroslaw Balka, Per Barclay, Per Inge Bjørlo, John Bock, Louise Bourgeois, Hanne Borchgrevink, Bård Breivik, Kristina Bræin, Gerard Byrne, Pier Paolo Calzolari, Jeannette Christensen, Hanne Darboven, A K Dolven, Elmgreen & Dragset, Ida Ekblad, Ólafur Eliasson, Matias Faldbakken, Ian Hamilton Finlay, Hilmar Fredriksen, Jon Gundersen, Gjertrud Hals, Svanhild Heggedal, Siri Hermansen, Georg Herold, Marianne Heske, Ane Mette Hol, Ragna St. Ingadottir, Marte Johnslien, Donald Judd, Iver Jåks, Ilya Kabakov, Berit Soot Kløvig, Jannis Kounellis, Sol LeWitt, Løvaas & Wagle, Camilla Løw, Mario Merz, Camille Norment, Kirsten Ortwed, Sidsel Paaske, Giulio Paolini, Guiseppe Penone, Michelangelo Pistoletto, Kirstine Roepstorff, Dieter Roth, Ulrich Rückriem, Lara Schnitger, Richard Serra, Robert Smithson, Susana Solano, Bente Stokke, Gerd Tinglum, Mario García Torres, Mette Tronvoll, Tone Vigeland, Franz West, Camilla Wærenskjold, Snorre Ytterstad og Gilberto Zorio.

Camille Norment er vald ut til å representere Noreg i årets Venezia-biennale.

Utstillingskuratorar: Sabrina van der Ley, Randi Godø og Andrea Kroksnes

Formidlingskurator: Anita Rebolledo

Prosjektleiar: Lita Ellingsen