• 12. februar–8. mai 2005
  • Nasjonalgalleriet

Sidan slutten av 1950-talet har Bernd og Hilla Becher teke føre seg industrisamfunnets forskjellige bygningar og reisverk med ein kompromisslaus, konseptuell konsekvens. Deira nøkterne fotografi i svart-kvitt av vasstårn, gasstankar, betongsiloar og fabrikkfasadar vitnar om ei vedvarande interesse for byggverk som ikkje har fått nokon framståande plass i vår kollektive bevisstheit eller arkitekturhistorie. Gjennom Bechers arbeid blir dei henta fram, og vi ser dei frå ei ny og annleis side. Utstillinga er produsert av Hasselblad Center i Göteborg i forbindelse med at ekteparet mottok Hasselbladprisen for 2004.