Foto: Nasjonalmuseet / Knut Øystein Nerdrum
  • 10. mars–17. april 2006
  • Nasjonalgalleriet

Hausten 2005 arbeidde alle 10. klassene ved Trysil ungdomsskole med dette utstillingsprosjektet. I løpet av ni veker gjennomgjekk 23 elevgrupper mange stadium for å få verkeleggjort sine versjonar av kjente verk frå kunsthistoria. Etter å ha fått "godkjent" val av kunstverk frå lærarane, var utfordringa å lage ei tredimensjonal utgåve av verket i ein gitt storleik, 60 x 80 cm. Materialbruken har vore omfattande: plastilina, trekvistar, bomull, filt, sytråd, pappmasjé, strikkepinnar og garn, tørka roser, filt og cellovattkuler, silkepapir, mosestein og glas samt singel og sand.

Trysil ungdomsskole fekk besøk frå Nasjonalmuseet i november 2005 i tilknyting til eit lærarseminar knytt opp mot museet sine vandreutstillingar. Ved ankomst fall blikket på ei særprega elevutstilling i lærarfløyen med sjarmerande tolkingar av verk frå kunsthistoria. Fleire av arbeida refererte til verk i Nasjonalmuseet sine samlingar. Vi stilte spørsmålet: Kva om elevene kunne kome på besøk i Nasjonalgalleriet og ta med sine eigne tolkingar, slik at fleire enn tryslingane kunne få sjå kva elevane hadde laga?

Ny inspirasjon og gjensyn med kjente verk

Frå 9. mars er 10. klassingane sine prosjekt montert i Nasjonalgalleriet i møte med originalane frå magasinet eller med referansar til basisutstillinga. I utstillinga ser vi at det å gå frå todimensjonalt til tredimensjonalt er ein frigjerande arbeidsmetode. Det er vårt ønskje at pedagogar kan få ny inspirasjon gjennom utstillinga, og at publikum kan glede seg over gjensyn med kjente verk. Stor takk til alle 10. klassingar ved Trysil ungdomsskole, og ein spesiell takk til lærarane som står bak prosjektet: Tone Østgaard Teppen, Bente S. Moe og Wenche Martinsen.