Oppdaginga av fjellet
Utstillinga vil vise den kunstnariske og vitskapelege oppdaginga av dei sentrale fjellområda på Aust- og Vestlandet i første halvpart av 1800-talet.
Det visast ca. 150 arbeid, først og fremst teikningar, grafikk og oljemåleri, men også nokre kart og måleinstrument frå perioden. På denne tida gjekk den vitskapelege og kunstnariske utforskinga av Noreg hand i hand. Geologar på feltarbeid i fjellet laga, før fotografiet si tid, teikningar av det dei såg og oppdaga. Kunstnarar på fjellferder dokumenterte den storslagne naturen som tidlegere vart sett på som utilgjengeleg og skræmande. Forskarar og kunstnarar utveksla sidan teikningar og kopierte kvarandre. Dette materialet, frå det som kan kallast pionertida i norsk forsking og kunst, har både ei estetisk og ei kultur- og vitskapshistorisk side. Det kan fortelje om framveksten av nasjonal identitet, om utviklinga av samferdsel og kartografi og om ein gryande turisme og interesse for norsk natur og kunst også i utlandet.
Sentrale norske landskapsmålarar som J.C. Dahl, Flintoe, Fearnley, Frich og Gude blir representerte med verk i utstillinga, men også arbeid av geologen Keilhau og offiseren Carpelan. Særleg Flintoe reiste tidleg rundt i Noreg og viste yngre generasjonar kva motivskatt som finst i fjell, fossar og isbrear. Keilhaug gjorde i 1820 ei "oppdagingssreise" inn i Jotunheimen. Hans teikningar og oppteikningar frå denne turen har stått sentralt i all seinare litteratur om dette fjellområdet. Gjennom illustrasjonar i bøker og på kunstutstillingar blir den norske fjellverda og den særeigne venleiken gjort kjent for alle. Eit høgdepunkt i den offisielle nasjonaliseringa av fjellheimen er Joachim Frichs store, dekorative fjellandskap, bestilt av kongen og plassert i ei av stovene på Oscarshall.