Kunstner: Gude Hans, Kunstner: Tidemand Adolph, Brudeferd i Hardanger
Hands Gude, Adolph Tidemand, «Brudeferd i Hardanger», 1848.
Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland
  • 13. juni–13. oktober 2019
  • Nasjonalgalleriet

Parallelt med jubileumsutstillinga Munch 150 vil eit konsentrert utval frå den permanente samlinga bli stilt ut i 1. etasje i Nasjonalgalleriet.

Tyngdepunktet i samlinga er norsk kunst frå 1800- og 1900-talet, og i tillegg til eit utval norske måleri viser vi dei viktigaste verka frå den franske samlinga til museet.

Presentasjonen gir høve til å sjå bilde av kjende norske kunstnarar som J. C. Dahl, Thomas Fearnley, Harriet Backer, Christian Krohg, Ludvig Karsten og Rolf Nesch, i tillegg til franske meistrar som Claude Monet, Edouard Manet og Paul Cézanne.