Foto: Nasjonalmuseet / Annar Bjørgli
  • 10. oktober 2014–4. januar 2015
  • Nasjonalgalleriet

Denne utstillinga presenterer tysk og norsk landskapskunst frå romantikken. Ho viser teikningar og måleri frå åra Johan Christian Dahl og Caspar David Friedrich budde, arbeidde og underviste i Dresden. Dette var den viktigaste perioden i livet deira, då deira kunstnariske meisterskap vart utvikla og då dei fann motiva sine.

Vener og kollegaer i Dresden

Både som menneske og kunstnarar var dei to ulike. Men dei vart gode vener, inspirerte kvarandre og budde i same hus ved Elben i Dresden. Dahl var den utettervende og jordnære, med ei klar forståing av si nasjonale oppgåve som skildrar av naturen heime i Noreg. Han måla raskt, ofte på store lerret, med klare fargar og virtuos penselføring. Friedrich var den introverte og himmelvende, med ei metafysisk forståing av verda og kunsten. Han arbeidde langsamt, ofte på mindre lerret, og bilda hans har eit meir gåtefullt og symbolsk preg.

Naturen som sjelens spegel

Tidleg på 1800-talet var Dahl og Friedrich med på å fornye bildekunsten. Landskapsmåleriet fekk no ei langt større betydning enn tidlegare, både når det gjaldt status, val av motiv og kunstnariske uttrykk. Naturen var ikkje lenger berre ein idyllisk eller dramatisk bakgrunn for historiske eller mytologiske hendingar, men fekk ein verdi i seg sjølv. Det ser vi ikkje minst i dei detaljerte og vakre teikningane som vart utført framfor motivet. Samtidig kunne målarane også uttrykke ei sterkare og meir subjektiv tilknyting til natur og landskap. Dette kjem særleg fram i dei større, frie og meir romantiske komposisjonane på lerret.

Ei ytre og ei indre reise

Utstillinga er forma som ei reise gjennom ulike landskapstypar med ulike stemningar og symbolske betydingar. Som Dahl og Friedrich beveger vi oss frå vakre Dresden og kulturlandskapet rundt byen til dramatiske havutsikter, aude strandparti og storslåtte fjell i Tyskland og Noreg. Vi deltek samtidig på ei vandring i naturen saman med dei små, ryggvende menneskeskikkelsane i bildene. I deira strev og slit, begeistring, frykt og lengsel kan vi kanskje gjenfinne oss sjølve. Er vi fortsatt prega av romantikkens syn på natur og landskap? Korleis er det å vere «åleine med naturen» i dag?

Utstillinga er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet i Oslo og Staatliche Kunstsammlungen i Dresden. Etter utstillingsperioden i Oslo går ho i 2015 vidare til Gemäldegalerie Neue Meister i Dresden.