Irma Salo Jæger, «Da sommervarmen satte inn», 1968.
Foto: Nasjonalmuseet
  • 13. juni–7. september 2014
  • Nasjonalgalleriet

I tida rundt 1960 fekk ulike former for abstrakt kunst stor merksemd og vart mykje diskutert i Europa og USA. I samband med Documenta 2 i 1959 slo den tyske kunst­historikaren Werner Haftmann fast at kunsten ganske enkelt var blitt abstrakt. I Noreg vart impulsane førte fram av kunstnarar som Anna-Eva Bergman, Arnold Haukeland, Johs Rian, Inger Sitter, Olav Strømme og Jakob Weidemann.

Utstillinga tek for seg deira og andres arbeid frå «abstraksjonens glansperiode». Gjennom tematisk organiserte rom blir eit av dei mest iaugefallande fenomena i kunsten frå etterkrigstida presentert, slik det vart utvikla av 14 sentrale aktørar med tilknyting til Noreg.

Kuratorar: Vibeke Waallann Hansen og Øystein Ustvedt