Tidsbilder. Norge 1814
I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet totalt fem utstillingar, tre historiske og to samtidige. Dei tre historiske går under fellestittelen Norge 1814. Dei to samtidskunstutstillingane er «Grip friheten! Take Liberty!» i Museet for samtidskunst og vandreutstillinga «I Nasjonalmuseets blindsone» som opnar i Nasjonalmuseet – Arkitektur. Publikum får oppleve fleire verk som sjeldan eller aldri har vore viste i offentleg samanheng. Med Norge 1814-utstillingane ser vi kunsten frå perioden i eit nytt lys. Utstillingane blir følgde av eit rikhaldig arrangementsprogram som rettar seg mot eit breitt publikum, og eit variert formidlingstilbod for born og unge.
Utstillinga viser utviklinga av bildekunsten i dialog med dei nye ideala i det internasjonale kunstfeltet. I landskapsbilda blir norsk natur framstilt som både skjønn og ressursrik med sine fossar og skogar. Ikkje berre norskfødde kunstnarar deltok i denne utviklinga, også danske, tyske og svenske kunstnarar bidrog til å gi ein ny definisjon av den norske naturens karakter. Portretta viser dei nye borgarlege ideala og framstiller sentrale personar i arbeidet med oppbygginga av den unge nasjonen. Ein viktig institusjon i utviklinga av det norske kunstmiljøet var Tegneskolen, oppretta i 1818. Utstillinga gir ein fyldig presentasjon av kunstnarar og verk frå dei første åra Tegneskolen var i drift.