Arkitektur i bevegelse – byar og mobilitet
Utstillinga tek føre seg temaet mobilitet gjennom tematisk belysning av 43 prosjekt frå heile verda. Meir enn nokosinne er tilgjengelegheit i form av ein samansett palett av infrastrukturar eit kriterium for ein ekspansiv og berekraftig byvekst. Mobilitet er blitt ei sosial nødvendigheit. Utan å ha tilgang på eit minimum av bevegelsesmulegheiter, står ein i fare for å bli marginalisert i dagens urbane samfunn.
Franske Institute for the city on the move tok initiativet til vandreutstillinga «Architecture on the move». Utstillinga er blitt vist i fleire land, blant anna på arkitekturbiennalen i Nederland.
Ofte kan debatten om folk sin bevegelsesfridom snevrast inn til tal på avganger og rutetilbod, medan det i realiteten er snakk om forma på bevegelsens landskap. Dette landskapet består også av knutepunkt med høghus, allear og hamnepromenadar. Bevegelse og hastigheit skaper nye landskap med nye mulegheiter både i periferi og sentrum. Det oppstår også nye konfliktar i møtet mellom stad og infrastruktur, og infrastrukturane imellom. Temaet mobilitet bringer inn ein breiare og meir positiv debatt retta mot utforminga av det 21. hundreårets urbane landskap.