Bilde og prosessar – diplomarbeid frå AHO 02/03
Det er dei ferske arkitektane som nettopp har fullført utdanninga som vil prege morgondagen og om nokre år skape dei nye, viktige bygningane. Snart vil dei bli ein del av norsk arkitekturhistorie. Arkitekturmuseet ønskjer med denne utstillinga å skode inn i framtida for å sjå kva historie som er undervegs.
Diplomoppgåva ved Arkitekthøgskolen i Oslo er både ein avsluttande dokumentasjon av dugleik og ei utforsking av den enkelte unge arkitekt sitt potensial til å bringe faget vidare. Utstillinga viser materiale frå 15 utvalde diplomprosjekt innan arkitektur og urbanisme.
Når skulens studentar søker arbeid tek dei med seg sin ”portefolio”. I denne ligg utdrag, klipp og illustrasjonar av prosjekt dei har vore gjennom i tida ved AHO. Utstillinga «Bilder og Prosesser» er AHO sin ”portefolio” henta frå diplomprosjekt som er laga hausten 2002 og våren 2003.
Utstillinga ønskjer å presentere skulens kapasitet vist for omverda, men redigeringa og samanstillinga av prosjekta fører også til at AHO kan sjå arbeideidet sitt med nye auge.
Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom AHO og Arkitekturmuseet.