Knut Knutsen (1903–1969) ville ha fylt 100 år 3. desember 2003. Han fekk aldri ei fullverdig utdanning men vart likevel professor og ein av dei leiande personane i nyare norsk arkitektur. Som få andre fekk Knut Knutsen disiplar, og ringverknadene av hans verksemd er synlege heilt fram til i dag, meir enn tretti år etter hans død. Han fornya den stoltaste arven i norsk byggetradisjon, trearkitekturen, og gjorde den relevant for ei ny tid. Samtidig teikna han store kontorbygg i Oslo sentrum, blant anna LO-bygningen.

Utstillinga presenterer nokre av Knutsens beste arbeid: Den norske ambassaden i Stockholm (1948), hans eiga hytte i Portør (1952) og fire einebustader i Oslo-området (Natvig, 1945 / Wathne, 1950 / Engebretsen, 1960 / Sollid, 1963). Presentasjonen består dels av eldre fotografi, dels nye fotografi tatt av Jiri Havran, originale teikningar og ein modell av Knut Knutsens hytte i Portør.