Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

I ein tidsalder der datamaskina har tatt over kan det vere grunn til å fokusere på teiknemediet – blyant, penn og papir – som tradisjonelt har vore arkitekten sitt viktigaste kommunikasjonsmiddel. Difor har Arkitekturmuseet i fleire år laga ein serie små utstillingar som fokuserer på arkitekten som teiknar.

Denne gong presenterast Arne Berg (f. 1917), vår største forskar på trebygningar frå mellomalderen. Gjennom sitt lange yrkesliv har han stått for ein svært stor bokproduksjon som er gjennomillustrert av teikningane hans. Særleg kjent er hans vakre og instruktive teikningar av gardsanlegg frå alle delar av landet.