Kristin Jarmund i utstillingen.
Foto: Nasjonalmuseet

Utstillinga viser ti av Kristin Jarmunds viktigaste prosjekt. Dei spenner frå små interiør til store kontorbygg, i hovudsak fotografert av Per Maning.

I løpet av dei tjue åra som har gått sidan debuten, har Kristin Jarmund stått for ein omfattande og vidtrekkande produksjon av høg kvalitet – frå gjennomarbeidde interiør, som den vesle glaskiosken i Nasjonalgalleriets restaurant, til det store kontorbygget for Bertel O. Steen på Sogn i Oslo. Jarmunds skulebygningar har vore banebrytande, og hennar urbane bygningar på Tjuvholmen og i Stortingsgata har fått mykje merksemd. Hennar ferskaste prosjekt er Den norske ambassaden i Kathmandu, som vart offisielt opna 18. august 2008.

Prosjekta

Som visast i utstillinga er; Fyrstikkterrassen, Justervesenet, Råholt skole, Benterud skole, Stortingsgata 6, Skattens hus Sandvika, Eitzen Groups hovudkvarter på Tjuvholmen, Nydalen T-banestasjon, Nasjonalgalleriets kafé og Den norske ambassaden i Kathmandu. Ved sidan av fotografi, visast enkelte teikningar og ei rekkje materialprøver knytt direkte til prosjekta, og to modellar.

Monografi

Samtidig med utstillinga i Oslo lanserte Pax Forlag monografien "Kristin Jarmund" i serien Norske Arkitekter. Boka inneheld, ved sidan av mange av fotografia frå utstillinga, ein brei presentasjon av arkitekten sine andre prosjekt, og essays av den etablerte Columbia-professoren Kenneth Frampton og av Arkitektnytt-redaktør Bente Sand.

Kristin Jarmund

(f. 1954) er utdanna ved NTH i Trondheim og ved Architectural Association (AA) i London. Ho har vore leiar av Rådet for byarkitektur i Oslo kommune, er mottakar av fleire prisar for arkitektur og har vunne ei rekkje arkitektkonkurransar. Jarmund er medlem i Norske Arkitekters Landsforbund (NAL), Norske Interiørarkitekters og Møbeldesigneres Landsforening (NIL). Kontoret Kristin Jarmund Arkitekter AS vart etablert i 1985 og består av både arkitektar og interiørarkitektar.