Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Utstillinga viser framifrå og framtidsretta museumsbygningar frå fire kontinent; Asia, Australia, Europa og USA, frå perioden 2000–2010. På grunnlag av 26 prosjekt, som enten er ferdigbygd, under bygging eller planlegging, presenterast eit omfangsrikt spekter av den aktuelle museumsarkitekturen.

Museumsbygningane representerer samtidas arkitekturtendensar. Utvalet av prosjekta vart i første rekkje gjort etter kriteriane innovasjonskraft og type byggeoppgåve. Det vart i tillegg lagt vekt på ein likeverdig representasjon av museumsbygningar frå dei fire kontinenta.

Utstillinga

"Museum i det 21. hundreåret, idear, prosjekt, bygningar" er produsert av Art Centre Basel. Institusjonen har sidan 1984 utforma og organiserert internasjonale vandreutstillingar. Utstillinga er på turné med visingar i m.a. Tyskland, Italia, Østerrike, Frankrike, Portugal, Danmark og Noreg.

Prosjektleiarar: Christine Gisi og Rebekka Rudin
Kuratorar: Suzanne Greub og Thierry Greub
Prosjektleiar i Nasjonalmuseet i Oslo: Eva Madshus