Tema for årets peparkakekonkurranse er: scenerom. Velg ei scene frå eit teaterstykke, ein film eller eit eventyr og visualiser det i ein peparkakemodell!

Nasjonalmuseet – Arkitektur viser utstillinga «Jan Pappelbaum. Scenerom» frå 11. oktober. Pappelbaum er ein av Europas leiande scenografar innan samtidsteater. Sjå Pappelbaum-utstillinga og få inspirasjon til peparkakekonkurransen.

Deltakarane i peparkakekonkurransen vel ei scene frå eit teaterstykke, ein film eller eit eventyr som blir visualisert i ein peparkakemodell. Her er det fritt fram for fri tolking og abstraksjon. Forslaget lagast i målestokk. Minst 80% av modellen må vere i peparkakedeig eller eit anna etande materiale.

Tre grupper blir premiert:
* Barn t.o.m. 7. klasse (eller t.o.m. 12 år)
* Ungdom t.o.m. vidaregåande skule (eller t.o.m. 18 år)
* Alle andre menneske som baker

Innlevering
Bidrag leverast i Nasjonalmuseet – Arkitektur 4.–6. desember i museets opningstid. Hugs å merke husa med tittel/motto, namn, adresse, telefonnummer og eventuelt klasse og skule. Bidraget/scena skal vere montert på ei plate som ikkje er større enn 45 x 45cm. Hugs å oppgi målestokk.

Juryering
Juryen vil bestå av kvalifiserte fagfolk. Det delast ut éin premie til kvar av gruppene.

I samarbeid med  Opplysningskontoret for brød og korn.