Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

EUs pris for samtidsarkitektur, Mies van der Rohe Award 2009, vart tildelt Den norske Opera & Ballett, teikna av Snøhetta. På førehand hadde det vore ein omfattande nominasjonsprosess med 340 foreslåtte prosjekt. Prisen delast ut annakvart år og er ein av dei viktigaste og mest prestisjefylte innan internasjonal arkitektur.

Operaen kjenner vi godt, men kva bygningar konkurrerte han med? Utstillinga presenterer vinnaren og dei 48 finalistane. Vi blir kjent med bygningar frå heile Europa. Dette er ei sjeldan anledning til å kome à jour med utviklinga innan europeisk samtidsarkitektur.