Utstilling
Stengt
Byen og Blindern. Universitetet i Oslo 200 år
Utstillinga presenterer Universitetet i Oslo sin arkitektur gjennom 200 år. Den drøftar universitetsanleggea si plassering og betydning for byutviklinga i Oslo, med vekt på utviklinga av campusen på Blindern frå 1920-talet og fram til i dag.
Reguleringsplanar, konkurranseutkast, arkitektteikningar, modellar, fotografi, film og møblar som representerer 1930-talet, 1960-talet og nyare tid, set Blindern-arkitekturens kvalitetar inn i ein internasjonal samanheng.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Statsbygg og Nasjonalmuseet.