Juvet landskapshotell. Arkitekt: Jensen & Skodvin.
Foto: Jiri Havran

Utstillinga presenterer ny norsk arkitektur. Ho formidlar kvalitetar i enkeltverk og peikar på utviklingstrekk med samfunnsmessig betydning.

Utvalet spenner frå den vesle rasteplassen og private bustader, via komplekse byggjeoppgåver og infrastruktur, til dei siste åra sine store bytransformasjonar. Ved bruk av ulike presentasjonsformer og nye medium formidlar utstillinga eit samansett bilete av norsk arkitektur, realisert dei siste fem åra i Noreg og i utlandet.

Dette er den sjuande i ei rekkje av mønstringar over norsk samtidsarkitektur frå 1968 til i dag. Eit utdrag frå dei førre seks utstillingane blir vist i Kvelvet fram til 31. juli. Desse prosjekta kan sjåast som ei opptakt til dagens norske, internasjonalt anerkjende arkitektur. Utstillinga inngår som del av Arkitekturens år 2011.

Utstillinga si organisering og tematisering
Utanfor Norge

Ambassaden i Nepal, flyplassen i India, kunstpaviljongen i Korea og sovehusa i Thailand har lite til felles som prosjekt, anna enn at dei ikkje står på norsk jord. Likevel indikerer dei noko som kan bli viktige trekk ved norske arkitektar sitt arbeidsfelt i åra som kjem: Norsk arkitekturs vekstpotensial som eksportnæring samt eigeninitierte prosjekt i land i sør, der særleg nyutdanna arkitektar søkjer å nytolke og utvide rolla som formgivarar.

Einebustadskvalitetar

Norske arkitektar har lenge vist at dei meistrar å utvikle gode frittliggjande hytter og einebustader. Utstillinga presenterer ein einebustad i eit bustadfelt i Trondheim, to våningshus, eitt på Toten og eitt i Rogaland, og ei hytte på Geilo. Desse prosjekta illustrerer gode evner i å tolke landskaps- og tomtesituasjon, konseptuell tenking, materialbehandling og detaljering, og i det å betrakte alle byggjeoppgåver som nye.

Bustadanlegg

Sjølv om bustadveksten i Noreg har vore formidabel dei siste fem åra, finst det berre eit fåtal verkeleg gode løysingar på større bustadkompleks i tett by frå perioden 2005–2010. Utvalet i utstillinga – eit lite leiligheitsbygg i Oslo sentrum, eit bustadanlegg i eit villaområde på vestkanten i Oslo og ein serie leiligheitskompleks i Nord-Noreg – dokumenterer imidlertid vellukka planløysingar, godt lysinnfall, skjerma uteområde og fokus på berekraft – i klåre arkitektoniske uttrykk.

Installasjonar

Lanternen, Bålplass for born og Tubaloon er alle byggjeoppgåver utan komplisert romprogram eller krav til inneklima. Arkitektane har utnytta dette potensialet gjennom å reindyrke konseptuelle idear, utforske og utvikle konstruksjonane, utfordre materiala og gjennomteikne detaljane i installasjonar som nærmar seg kunstobjekt.

Nytt i gammalt

Byggjeoppgåvene i framtida kjem i aukande grad til å omfatte transformering, gjenbruk og vidareutvikling av eksisterande bygningar og bystrukturar. Etter ein større bybrann i Trondheim vart eit heilt kvartal i Midtbyen (Branntomta/Borkeplassen) bygd opp i pakt med dei tidlegere byhusa sine kvalitetar. Dei få, men kvalitetssterke ombyggjingsprosjekta Nasjonalmuseet – Arkitektur, Gyldendalhuset og Forsvarets ledelsesbygg, handlar alle om transformasjon av freda bygningar, styrkja ved nybygg. Alle prosjekta er resultat av lange og grundige prosessar med antikvariske myndigheiter.

Statlege intensjonar

Den norske Opera & Ballett, den nye Holmenkollbakken, Svalbard Globale Frøhvelv og Halden fengsel er alle byggjeoppgåver som er finansiert gjennom sjenerøse tilskott frå den norske staten. Byggjeprogramma illustrerer offentlege prioriteringar og investeringsvilje. Staten, og indirekte Oslo kommune, løyvde til dømes milliardar til å reise ein ny opera. Intensjonen var ikkje berre å styrkje kulturfeltet, men også å sjå Operaen som eit verktøy for byutviklinga i Oslo, der eitt av måla er å bevege sentrum austover og etablere Fjordbyen.

Lokale kulturberarar

To museumsanlegg i Nordland, Hamsunsenteret og Petter Dass-museet, tiltrekkjer seg internasjonale turistar og lokale reisande som søkjer stader med interessant kulturhistorie og konseptuelt sterk arkitektur. Tautra Mariakloster er i utgangspunktet mindre offentleg tilgjengeleg, men vekkjer ikkje mindre historisk og arkitektonisk interesse. Anlegget er bygd i nærleiken av ruinane etter mellomalderens cistercienserkloster på Frosta i Nord-Trøndelag

Utdanning og skule

To store skular i Kristiansand og Oslo har rause, sentrale møteareal, tilrettelegging for ulike undervisningsformer og høg kvalitet i material og inventar til felles. Lærernes Hus er eit ambisiøst lavenergikonsept med gjennomlyste, opne areal som viser fagforeininga si satsing på miljøvennlegheit og kunnskapsutvikling.

Rekreasjon og friluftsliv

Juvet landskapshotell ved Gudbrandsjuvet, Strandbar og SUB-lugarer på Stokkøya og Preikestolen fjellstue med Basecamp, videreutviklar og fornyar tradisjonelle overnattingsstader for turistar og naturelskarar.

Nasjonale turistvegar

Sidan 1997 har Nasjonale turistvegar planlagt og gjennomført små tiltak langs norske vegar for å leggje til rette for turistar og reisande. Etter 2005 skaut prosjektet fart, og omkring 50 prosjekt vart reist, mange av dei teikna av unge arkitektar. Prosjekta varierer frå rasteplassar, utsiktspunkt, trapper og stiar, til kafeteriaer, utstillings- og informasjonssenter.

Bytransformasjonar

Aldri tidlegare har dei bymessige endringane i Noreg vore større enn i den førre femårsperioden, verken økonomisk eller arkitektonisk. Utstillinga viser fire forskjellige eksempel på denne utviklingai Oslo, Drammen, Trondheim og Tromsø.