Arnstein Rynning Arneberg, «Eidsvold Folkehøgskole», 1907.
Foto: Nasjonalmuseet / Anne Hansteen Jarre

Frå 1900 til 1910 studerte fleire unge norske arkitektar ved Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm. Dei mest kjende var Arnstein Arneberg, Andreas Bjercke, Georg Eliassen og Magnus Poulsson.

Frå 1899 til 1910 var det 16 norske hospitantar ved Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm. Her er fokus lagt på fire av dei mest kjende: Arnstein Arneberg, Andreas Bjercke, Georg Eliassen og Magnus Poulsson. Utstillinga er basert på samlinga til Nasjonalmuseet og utforskar tidlege verk frå desse arkitektane sin ouvre.

Dei norske arkitektane i Stockholm arbeidde som assistentar på leiande kontor, og tok opp tendensar i svensk samtidsarkitektur. Samtidig var dei opptekne av å fornye motiv frå den tradisjonelle norske byggeskikken i tre, og nordisk steinarkitektur frå 1500- og 1600-talet.

Før Norges Tekniske Høgskole opna i 1910 fanst det inga høgare arkitektutdanning i Noreg. Det var vanleg å vidareutdanne seg i utlandet, tradisjonelt på polytekniske skular i Tyskland. Rundt førre hundreårskifte vart studieopphald i byar som London, København og Stockholm også vanleg. Fleire av studentane ved KTH er allment anerkjent blant 1900-talets mest sentrale norske arkitektar, og Stockholmsopphaldet hadde heilt tydeleg avgjerende betydning for både Arneberg, Bjercke, Eliassen, Poulsson og fleire av dei andre. Desse namna dannar store deler av historia om norsk nasjonalromantisk arkitektur. Såleis har også Stockholm og KTH fått ein stor plass i norsk arkitekturhistorie. Allereie i det store verket Norsk kunsthistorie frå 1927 skreiv Harald Aars: «Det monumentale, det traditionsbundne, det fornemme og elegante, som i saa høi grad kjendetegner moderne svensk bygningskunst, er egenskaper som ingensteds kan studeres bedre end der, og paa grund av de to nationers mange fælles egenskaper kan man si at det var via Stockholm at de norske arkitekter fandt hjem til sig selv.»

Utstillinga blir vist i Kvelvet, og blir følgd av ein artikkel med same tittel i tidsskriftet Kunst og Kultur nr. 1/2012.

Kurator for utstillinga er Bente Aass Solbakken.