Inside Outside Architecture
Korleis stiller samtidskunsten seg til arkitektur, og kva rolle spelar kunsten i arkitekturen? Dette er spørsmål som blir reist på Bankplassen i haust.
Utstillinga «Inside Outside Architecture» i Museet for samtidskunst presenterer sentrale samtidskunstnarar som arbeider med arkitektur – og den kjende amerikanske arkitekten Louis Kahn. Kahn er tema også på andre sida av plassen der Nasjonalmuseet – Arkitektur presenterer utstillinga «Louis Kahn. The Power of Architecture».
Mange kunstnarar i dag arbeider i grenselandet mellom visuell kunst og arkitektur. Med utstillinga «Inside Outside Architecture» ønsker vi å undersøke dette landskapet nærmare. Kunstnarane som deltek arbeider alle på ulikt vis spesifikt med arkitektur. Vi får oppleve alt frå store installasjonar, til fotografi som analyserer arkitektoniske strukturar, og skulpturar som kartlegg rom eller utforskar interiørets intimitet. Nokre kunstnarar brukar arkitekturen som kjelde eller råmateriale, medan andre undersøker dei ulike sosiale og politiske funksjonane til byggverk.
Kunstnarane
I hjartet av museet, i den gamle banksalen, finn vi ein installasjon av Øystein Aasan som balanserer mellom skulptur og arkitektur. Allereie her begynner problematiseringa omkring kvar grensa går mellom arkitektur, installasjon og skulptur – og om desse grensene er like relevante i dag?
Thomas Florschuetz og Ola Kolehmainen brukar bygningar som motiv i fotokunsten sin. Florschuetz relater verka sine til Louis Kahn gjennom framstillinga si av Kahns Salk Institute. Dei abstraherte og sirlig komponerte fotografia gir ei rytmisk framstilling av byggverket. Kolehmainen har valt bygningar av arkitektane Alvar Aalto og Ricardo Bofill der han gjennom kameralinsa forvandlar arkitektoniske konstruksjonar til gåtefulle refleksjonar.
Også i målarkunsten spelar arkitekturen ei sentral rolle. Ved å sitere to av dei store funksjonalistane Mies van der Rohe og Arne Korsmo i sine måleri, viser Vibeke Slyngstad bokstavleg talt korleis arkitektur blir gjenspegla i kunsten. Dei intrikate collagane til Ingrid Lønningdal som er baserte på analyse og projisering av arkitektoniske trekk er plasserte på store veggmåleri, og blir dermed ein kombinasjon av det innvendige og det utvendige.
Kva med arkitekturens rolle innan politikk og ulike samfunnstrukturar? Ved å bruke FNs meditasjonsrom som utgangspunkt for installasjonen sin, utforskar Marte Johnslien dei kontemplative kvalitetane ved eit lada interiør. Medan skulpturane til Olaf Holzapfel kan tolkast som ei analytisk og poetisk utforsking av bustadkonsept. I lysbildeframvisinga Missing Colours utforskar den kroatiske kunstnaren David Maljković historia og framtida til modernistiske konsept. Gjennom bustadblokker frå kommunisttida i Novi Zagreb viser han den feilslåtte utopien.
Kurator for utstillinga er Sabrina van der Ley.