Pablo Picasso med tegning av «Stranden». Høyblokka, Oslo 1957.
Foto: Carl Nesjar

I Regjeringskvartalet finn vi nokre av dei mest spennande avtrykka på norsk kunst og arkitektur i modernismen. Kunsten til Pablo Picasso i møte med arkitekturen til Erling Viksjø var revolusjonarende.

Bidrag i debatt

Utstillinga er eit bidrag i den aktuelle debatten om Regjeringskvartalets framtidige skjebne. Ho demonstrerer kvartalets arkitekturhistoriske og kunstnariske kvalitetar i internasjonalt format, med vekt på verka til Pablo Picasso.

Viktig for modernismens gjennombrott i Noreg
Høgblokka i Regjeringskvartalet er eit av dei viktigaste monumentale uttrykka for modernismens gjennombrott i Noreg, både innan arkitektur og bildekunst. Høgblokka (1958), og seinare også Y-blokka (1969), vart effektive kontorbygg som viste nye ideal for kunsten sin plass i det offentlege rommet. Begge bygningane er teikna av arkitekt Erling Viksjø, med utsmykkingar av Kai Fjell, Tore Haaland, Inger Sitter, Carl Nesjar, Odd Tandberg og sjølvaste Pablo Picasso. Picasso sine skisser til Regjeringskvartalet vart overført til betong av Carl Nesjar. Samarbeidet mellom Picasso og Nesjar vart også utgangspunktet for den offentlege monumentalkunsten til Picasso i ei rekkje andre byar. Kunsten i Regjeringskvartalet er difor svært viktig når dei seinare arbeida til Picasso skal oppsummast.

Vist for første gong

For første gong blir dei tre originalteikningane Picasso laga for utsmykkinga vist, alle teikna med fettstift på papir i 1957: Gutter med ball (51 x 79), Fiskere (51,5 x 83) og Måken (58 x 58). Utstillinga presenterer i tillegg store fotografi av arkitekturen og kunsten før og no, og ein modell av Regjeringskvartalet.

Verneplan utsett

Før terroråtaket 22. juli 2011 vart det arbeidd med ein verneplan for Regjeringskvartalet. Her skulle blant anna Høgblokka og Y-blokka fredast med alle betongutsmykkingane. Dette arbeidet vart sett på pause etter 22. juli 2011. Dei tekniske undersøkingane viser at bygningskonstruksjonen ikkje er avgjerande skadd og at den integrerte kunsten framleis er intakt. Kva som vidare skal hende med Høgblokka og Y-blokka er enno ikkje bestemt.