Under 40. Ung norsk arkitektur 2013
Kven er dei mest interessante unge arkitektane i Noreg akkurat no, og korleis posisjonerer dei seg i det norske og internasjonale landskapet?
Utstillinga presenterer eit utval arkitektar under 40 år og synleggjer deira interessefelt, arbeidsmetodar og produksjon. Kven er desse arkitektane, og kva er dei opptatte av? Skil dei seg vesentleg frå forgjengarane sine og dei vi gjerne kallar post Fehn-generasjonen? Korleis stiller dei unge seg til tradisjonar innan norsk arkitektur og til aktuelle og internasjonale samfunnsmessige problemstillingar? Og i kva grad vil dei prege arkitekturen i framtida?
Film, fullskalainstallasjonar, modellar, foto og illustrasjonar i utstillinga gir innblikk i nyetablerte arkitekturpraksisar og peikar på framtidige retningar for utviklinga av norsk arkitektur.
Dei elleve kontora som er representerte i utstillinga er Atelier Oslo, CTRL+N, FFB (Felleskapsprosjektet å Fortette Byen), Huus og Heim Arkitektur, Eriksen Skajaa Arkitekter, Lala Tøyen, MDH Arkitekter, Rodeo Arkitekter, Superunion Architects, SF OSL og Tyin tegnestue Arkitekter.
Utstillinga er delt inn i to delar. I Bucher-salen er kvart kontor tildelt ein modul for presentasjon av arbeida sine. I Ulltveit-Moe-paviljongen kan publikum oppleve rominstallasjonane «Kroppsrom» av Atelier Oslo og «Hus for et utvalg norske fugler» av Huus og Heim Arkitektur.
Utstillinga i Bucher-salen står frå 3. mai til og med 8. september, medan installasjonane i Ulltveit-Moe-paviljongen blir vist fram til 22. september.
Kurator: Anne Marit Lunde
Utstillinga blir følgd av ein utstillingskatalog