I Nasjonalmuseets blindsone
I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet totalt fem utstillingar, tre historiske og to samtidige. Dei tre historiske går under fellestittelen «Norge 1814». Dei to samtidskunstutstillingane er «Grip friheten! Take Liberty!» i Museet for samtidskunst og vandreutstillinga «I Nasjonalmuseets blindsone» som opnar i Nasjonalmuseet – Arkitektur. Publikum får oppleve verk som sjeldan eller aldri er vist i offentleg sammenheng.
I utstillinga «I Nasjonalmuseets blindsone» stiller vi spørsmålet: «Når kunst blir handling, kva er samlinga verdt då?»
Utstillinga gir eit aktuelt og informativt innblikk i sosialt engasjert kunst. Gjennom video, nettsider, rekvisittar og trykt materiale blir sju prosjekt der kunstnarar bruker si kreative kraft i kombinasjon med eit sterkt samfunnsengasjement dokumentert. Kunstnarane bruker sine eigne demokratiske rettar til å aksjonere for at samfunnet skal ivareta alle sine rettar.
Utstillinga introduserer publikum for meiningsfulle aksjonar og prosessar, og inviterer til refleksjon og handling om rolla til kunstnaren og kunsten sin funksjon i samfunnet.
Det er i utøvinga av ytringsfridomen og dei grunnleggande rettane våre at vi best kan markere Grunnlova frå 1814.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og TrAP i høve markeringa av 200-årsjubileet til grunnlova.
Deltakande kunstnarar:
Nicoline van Harskamp, Farhad Kalantary, Andrea Lange, Mobile Kultur Byrå (Kirsten Dufour, Hilde Methi og Ulrike Solbrig), Selma og Sofiane Ouissi, SEX TAGS (Stefan og Peter Mitterer), Steirischer Herbst Festival.
Kurator for utstillinga er Samir M’kadmi.
Turné:
Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal
5.4.–25.5.2014
Lørenskog Hus
12.6.–10.8.2014
Galleri Ofoten, Narvik kulturhus
28.8.–12.10.2014
Rana museum
23.10.–30.11.2014