Vandringar med Kari Nissen Brodtkorb
Høyr Brodtkorbs eigne historier om bygga ho har teikna!
Saman med kurator Birgitte Sauge tek Brodtkorb oss med til Stranden på Aker Brygge, ein kort gåtur frå museet. Vidare går vandringa over brua til Tjuvholmen, der ein ser nærare på Brodtkorb sitt bidrag til utbygginga av denne delen av byen.
Stranden er typisk for Brodtkorb sin arkitektur, med opningar i og bruer på tvers av gardsrommet, som opnar opp for lys, utsikt og rørsle mellom bygga og byen. Stranden blei oppført i 1990, og i 1994 blei det tildelt Houens fonds diplom. Lille Stranden på Tjuvholmen blei oppført i 2007.
Vandring om dei fire forgjengarane
I oktober kan du bli med på den tredje og siste byvandringa, som går innom bygningane til nokre av dei fire forgjengarane.
Byvandringane inngår i formidlingsprogrammet til «Stamina. Kari Nissen Brodtkorb og fire forgjengarar». Utstillinga presenterer bygningane til Brodtkorb, side om side med arbeida til fire historiske forgjengarar: Lilla Hansen, Kirsten Sand, Kirsten Sinding-Larsen og Maja Melandsø.
Opplev korleis desse kvinnelege pionerane har forma byen, og høyr historiene til bygga dei har teikna.