Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet
  • 1. desember 2008–1. desember 2010

Prosjektet er den største satsinga på miljøvenleg, framtidsretta arkitektur i Noreg nokosinne.

Norwegian Wood er eit av dei største prosjekta i Stavanger 2008 – europeisk kulturhovedstad. Stavanger er Europas største trehusby, og Norwegian Wood skal vidareutvikle denne tradisjonen ved å byggje 14 nyskapande byggjeprosjekt med framtidsretta, nyskapande og miljøvenleg trearkitektur.

Kriterium
Alle byggjeprosjekta er underlagt kriterium der dei skal vise fram lågt energiforbruk, designprinsipp for universell utforming og der dei tek i bruk miljøvenlege materiale og nye byggjesystem i tre.

Nytenking
Framtidsretta og gode løysingar krev nytenking. Norwegian Wood-prosjektet og -utstillinga fungerer difor som laboratorium og læringsarena for alle involverte; arkitektar, handverkarar, utbyggjarar, rådgivarar, kommuner osb. I forkant av utbyggjinga har det difor blitt arrangert internasjonale arkitekturkonkurransar, seminar og tverrfaglege workshops med dei fremste ekspertane i Noreg og Europa.

Utstillinga er eit samarbeid mellom NAL | Ecobox, Norwegian Wood og Nasjonalmuseet.

Kurator for utstillinga: Anne Marit Lunde
Utstillingsarkitekt: happyspace

Les mer om utstillingen her.