Museumsbygninger

Nasjonalgalleriet

Venneforeininga

Nasjonalgalleriets Venneforening vart stifta i 1917. Venneforeininga har hatt ei gledeleg auke i medlemsmassen og tel i dag ca. 500 medlemmar.

Formålet til foreininga er å støtte Nasjonalgalleriet ved å skape interesse for museet og samlingane – og ved innkjøp av utanlandsk kunst. Venneforeininga har gitt meir enn 140 verk i gåve til Nasjonalgalleriet, her kan ein trekkje fram den eineståande samlinga av franske impresjonistar som er blitt kjøpt inn i løpet av åra. Elles viser vi til ein liten historikk (pdf) som fortel om utviklinga til venneforeininga.

6–7 gongar i året arrangerer styret venneaftan med foredrag og spesialomvisingar i Nasjonalgalleriet eller i andre museum, svært ofte med bevertning etterpå.

Vår eller haust blir det arrangert dagstur for å besøke nokre av dei mange interessante stadane i næraste omegn, og annankvart år blir det arrangert kunstreise til ein spennande europeisk by.

Medlemmar i venneforeininga får også invitasjon til utstillingsopningane i Nasjonalmuseet.

Besøk nettstaden til Nasjonalgalleriets Venneforenings for meir informasjon.

Årskontingent

Enkeltmedlemskap kr 350–
Familiemedlemskap kr 500,–
Firmamedlemskap kr 1 500,–
Livsvarig medlemskap kr 7 500,–

For meir informasjon, kontakt intendanten:
Nasjonalgalleriets Venner
v/Anne Bryhn
Sørkedalsveien 262A
0754 Oslo
Tlf. 952 28 450
E-post: anbryh@online.no