Architecture of Consequence. Nederlandsk og norsk arkitektur for framtiden

9. mars 2012–27. mai 2012

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Utstillinga viser korleis arkitektur kan skape ei mer berekraftig framtid og bidra til å løyse globale utfordringar.

I Ulltveit-Moe-paviljongen presenterer ti anerkjende nederlandske arkitektkontor mulege svar på samfunnsmessige problemstillingar innan matproduksjon, helse og omsorg, energi, tid, rom og sosiale sammenhengar. Utstillinga «Ildsjeler» i Bucher-salen knyter temaet til norske forhold. Her tek arkitektkontoret Helen & Hard utgangspunkt i enkeltindivid som brenn for ideane og tiltaka sine. I eit større perspektiv kan nettopp lokale ildsjeler og deira prosjekt påvirke samfunnet i ei meir berekraftig retning.

Utstillinga er produsert av Netherlands Architecture Institute og blir presentert i samarbeid med Nasjonalmuseet. «Ildsjeler» er produsert i eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og Helen & Hard.

Sjå filmsnutt på Youtube 
Les meir om den nederlandske delen av utstillinga: www.architectureofconsequence.nl
Les meir om arkitektkontoret Helen & Hard: www.hha.no

Kurator for utstillinga i Nasjonalmuseet er Anne Marit Lunde