Utstillinger og aktiviteter

Louis Kahn. The Power of Architecture

Nasjonalmuseet – Arkitektur 18. oktober 201326. januar 2014

Amerikanske Louis Kahn (1901–1974) er rekna som ein av dei mest betydningsfulle arkitektane i det 20. hundreåret. Arkitekturen hans er kjenneteikna av tidlaus monumentalitet og mesterleg bruk av lys og materiale. Louis Kahn inspirerte også fleire anerkjende norske arkitektar.

Utstillinga presenterer omkring 40 realiserte og urealiserte prosjekt, dei fleste frå USA. Originale modellar, teikningar, skisser, fotografi, film og nybygde modellar, viser både legendariske og hittil ukjende sider ved Kahn.

«Louis Kahn. The Power of Architecture» er ei utstilling frå Vitra Design Museum, Weil am Rhein, laga i samarbeid med the Architectural Archives ved University of Pennsylvania, Philadelphia, og NAI, del av Nieuwe Instituut, Rotterdam. Swarovski er global sponsor.

Utstillinga blir vist både i Museet for samtidskunst (del 1) og i Nasjonalmuseet – Arkitektur (del 2). Kurator for utstillinga i Oslo er Eva Madshus. Visinga er støttet av Den amerikanske ambassade.