Utstillinger og aktiviteter

Design og mote. Norge 1814

Kunstindustrimuseet 02. februar31. august 2014

I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet totalt fem utstillingar, tre historiske og to samtidige. Dei tre historiske går under fellestittelen «Norge 1814». Dei to samtidskunstutstillingane er «Grip friheten! Take Liberty!» i Museet for samtidskunst og vandreutstillinga «I Nasjonalmuseets blindsone» som opnar i Nasjonalmuseet – Arkitektur. Publikum får oppleve fleire verk som sjeldan eller aldri har vore viste i offentleg samanheng. Med «Norge 1814»-utstillingane ser vi kunsten frå perioden i eit nytt lys. Utstillingane blir følgd av eit rikhaldig arrangementsprogram som rettar seg mot eit breitt publikum, og eit variert formidlingstilbod for born og unge.

Møblar, glas, keramikk, mote og arkitektur formidlar nye idear om demokrati og nasjonal sjølvstende i perioden som markerer overgangen frå rokokkoens pomp og prakt til empirens vektlegging av det enkle, bygd på antikkens ideal. Handelssamband med utlandet og utviklinga av eit norsk næringsliv er også viktige faktorar for tidas nye tankar om design og mote. Utstillinga viser m.a. Anker-familiens praktbygning Paleet, som i 1814 vart kongebustad for Christian Frederik og seinare for unionskongen Carl Johan.

Utstillinga viser gjenstandar frå Nasjonalmuseets samling i tillegg til lån frå inn- og utland.

 

Undervisningstilbod: omvising, omvising med atelier

Småskule- og mellomtrinnet: 1814: Historien og stilen. Klede og fridom.

Ungdomsskuletrinnet og vidaregåande: 1814: Kunsten, historien og politikken. Demokratisk uro.

KIM_utsnitt_test3.jpg

Kunstindustrimuseet

St. Olavs gate 1, Oslo