Utstillinger og aktiviteter

Grip friheten! Take Liberty!

Museet for samtidskunst 11. april10. august 2014

I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet fem utstillingar: tre historiske utstillinger under fellestittelen «Norge 1814», og to samtidskunstutstillingar.

Denne internasjonale gruppeutstillinga viser verk som tematiserer demokrati, nasjonal identitet og personlig fridom. Ivaretakinga av individets fridom har blitt eit kontroversielt tema der omgrepet nasjon spelar ei tvetydig rolle. 

Utstillinga er ein del av Grunnlovsjubileet og vil reflektere over, tolke og kommentere dei filosofiske og politiske ideala frå 1814 i eit samtidsperspektiv.

Eit viktig tema i utstillinga er ytringsfridom, noko som er ein av dei sentrale menneskerettane formulert i den norske Grunnlova. Utstillinga viser verk av internasjonale kunstnarar som er opptekne av moglegskapane, men også truslane ved å uttrykke seg i ei verd som framleis er prega av systematiske brott på menneskerettane. Omgrep som demokrati, sjølvstende og nasjonalitet blir sett inn i samtidige diskursar om kultur og mangfald og om kampen for fridom og fridomsideal. Menneskerettane og personleg fridom blir utfordra. Tradisjonelle omgrep som statsborgarskap og nasjonar blir ustabile.

Ai Weiwei er blitt verdensberømt for sin protest mot det restriktive politiske systemet i Kina. Dette fotografiet er en del av en serie hvor kunstneren ”viser fingeren” foran kjente steder og landskaper. Serien startet i 1995 med Ai Weiweis gest foran Den himmelske freds plass i Beijing, seks år etter studentprotestene og massakren i 1989.
Ai Weiwei, "Study of Perspective, Tiananmen Square, Beijing, China" (1995). Foto: Ai Weiwei

 

Kunstnarane representert i utstillinga inkluderer John Akomfrah, Maja Bajevic, Andrea Bowers, Libia Castro & Ólafur Ólafsson, Phil Collins, Jeremy Deller, Olga Egorova og Natalya Pershina (Chto Delat), Gardar Eide Einarsson, Jihan El-Tahri,  Matias Faldbakken, Rainer Ganahl, Sharon Hayes, Marianne Heier, Susan Hiller,  Glenn Ligon, Jumana Manna og Sille Storihle,  Aleksandra Mir, Pussy Riot, Slavs and Tatars, Superflex, Rirkrit Tiravanija og Ai Weiwei.

Som ein del av utstillinga blir ein installasjon av Maja Bajevic vist i Nasjonalmuseet – Arkitektur.

Kurator for utstillinga er Andrea Kroksnes.

 

Undervisningstilbod: omvising, omvising med atelier

Grunnskule og vidaregåande: Din tanke er fri. Tankeskip.

 

Pussy Riot i Nasjonalmuseet:


 

Maja Bajevic:

 

Samtale med kunstnaren Susan Hiller:


Fasade-MFS_test.jpg

Museet for samtidskunst

Bankplassen 4, Oslo