Utstillinger og aktiviteter

Utsikter. Norge sett fra veien 1733–2020

Nasjonalmuseet – Arkitektur 22. juni28. oktober 2012

Utstillinga sporer samband mellom dagens natur- og landskapsforståing og tidlegare tiders framstillinger av Noreg, slik landet og landskapet fortona seg for dei reisande langs vegane.

Storslåtte utsikter vart dokumenterte då Christian VI, konge av Danmark og Noreg, i 1733 inspiserte territoriet sitt. Sidan har fotografar, målarar og turistar skildra Noregs vegar, stup og tindar. Nasjonale turistveger sine arkitektur- og kunstprosjekt er vår tids bidrag til iscenesetjing av norske utsikter, noko utstillinga tematiserer gjennom blant anna Carl-Viggo Hølmebakk sin modell av Vøringsfoss-prosjektet og Peter Zumthor sine modellar for eit sinkgruvemuseum i Allmannajuvet, som blir vist i hovudpaviljongen. Bucher-salen fungerer som eit arkivrom for seriar av historiske kart, fotografi, tablå og teikningar.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet, Nasjonale turistveger ved Statens vegvesen og forskingsprosjektet «Roads, Routes and Landscapes» (som igjen er eit samarbeid mellom Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo og Transportøkonomisk institutt).

Kuratorgruppe: Nina Berre, Nina Frang Høyum, Janike Kampevold Larsen og Knut Wold