Midtvinternattas trollskap

Åsgårdsreia bestod av gjenferd og urolege døde sjeler. Det var mykje trollskap ute og farta om nettene midtvinters.

Norrøne guder rir over et øde landskap

Tekst av seniorkurator formidling Ellen Lerberg

Peter Nicolai Arbos store måleri Åsgårdsreien tar utgangspunkt i norrøn mytologi, arkeologiske utgravingar og den nasjonalromantiske diktinga i samtida hans. Først og fremst Johan Sebastian Welhavens dikt med same tittel, der opningslinja lyder:

Lydt gjennem Luften i Natten farer et Tog paa skummende sorte Heste

(frå Nyere Digte, 1844)

Trugande hordar

Arbo var historieinteressert, og måla fleire versjonar av motivet. I akvarellen kjem følget rett imot oss, medan vi i måleriet ser det frå sida. Hordane som kjem trugande imot oss over ein dramatisk himmel, er detaljert skildra.

I Stormgang drage de vilde Skarer. 

de have kun Skyer til Fodefæste. 

Det gaaer over Dal, over Vang og Hei, 

gjennem Mulm og Veir; de endse det ei. 

Vandreren kaster sig ræd paa Veien. 

Hør hvilket Gny – det er Asgaardsreien!

 – Johan Sebastian Welhaven, 1844

Norrøne gudar

Over det aude, månebelyste landskapet vrimlar dei himmelske ryttarane fram, tett følgt av ramnane til Odin, den norrøne mytologiens hovudgud. Krigsguden Tor dundrar fram med heva hammar, han ropar til bukkane Tanngnjost og Tanngrisne som trekker vogna. Ifølge norsk tradisjon var det helten Sigurd Fåvnesbane som leia an. Baktroppen vart danna av trollkjerringa Gyro Rysserova. Etter følget lyser det som i eld – kan det vere Helheim vi skimtar?

Da klinge Lurer, da er der en Støi 

af Bjælder og ringlende Ridetøi, 

da hyler Sværmen og Folket lytter 

med stigende Angst i de dirrende Hytter

 – Johan Sebastian Welhaven, 1844

Norrøne guder rir over et øde landskap
Peter Nicolai Arbo, «Åsgårdsreien», 1872.
Foto: Nasjonalmuseet / Jacques Lathion

Inspirert av romantikken

Bildets dommedagsstemning og dramatiske komposisjon har fleire trekk frå romantikken: kontrasten mellom liv og død, lys og skugge, nær og fjern.

Ein måtte halde seg unna

Både Welhavens dikt og Arbos bilder skildrar åsgårdsreia som eit trugande og skremmande følge, og ifølge folketrua var det viktig å halde seg unna når åsgårdsreia for over himmelkvelvinga.

Peter Nicolai Arbo

  • Fødd: 18. juni 1831 i Drammen
  • Død: 14. oktober 1892 i Kristiania

Skisse av norrøne guder som jager over øde landskap
Peter Nicolai Arbo, «Åsgårdsreien», 1870.
Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Ordets opphav

Det var 1800-talets nasjonalromantikarar, som begynte å ta i bruk ordet Åsgårdsreia. Det opphavelege ordet var Oskoreia. Språkforskar og diktar Ivar Aasen meinte at ordet oskoreia kom frå ofsleg og reida, eit skremmande, ridande følge.

Litteratur

  • Nasjonalmuseet. Høydepunkter. Kunst fra antikken til 1945, 2014
  • Marit I. Lange og Anne Berit Skaug, red. (1986). Peter Nicolai Arbo 1831–1892. Drammens museum. [Utstillingskatalog]
  • allkunne.no
  • lokalhistoriewiki.no  
  • wikipedia.no

Kontakt