Kunstsamlinga
Hovudvekta i samlinga av eldre kunst ligg på norsk måleri og skulptur frå 1800-talet. Museet har også ei omfattande norsk og utanlandsk samling av teikningar og grafikk.
Edvard Munchs Skrik og andre av dei mest sentrale verka hans er blant høgdepunkta i samlinga. Andre sentrale kunstnarar er J.C. Dahl, Adolph Tidemand, Hans Gude, Harriet Backer og Christian Krohg.
Samlingane frå det 20. hundreåret viser utviklinga i norsk biletkunst innanfor måleri, skulptur, foto, video og andre uttrykk med referansar og nøkkelverk frå utanlandsk kunst. Også museets internasjonale samtidskunstsamling har vokst seg betydelig med sentrale kunstnerskap som Louise Bourgeois, Tacita Dean, Farun Harocki, Susan Hiller, Isaac Julien og Ilya Kabakovs faste installasjon Mannen som aldri kastet noe (1988–1995).