Foto: Ida Meyer
  • 6. september 2020
  • Førde
  • 13.00–15.00

Bli med Nasjonalmuseet og DNT Ung Sogn og Fjordane til dagsturhytta Gytta på den store Kom deg ut-dagen! 
 
Søndag 6. september er den nasjonale turdagen i Norge, og i den forbindelse arrangerer DNT tur til dagsturhytta Gytta. Som ein del av Nasjonalmuseet sin arrangementsserie SIDESPRANG vil det under turen skje ein performance av kunstner Regine Stensæth Josefsen, kanskje mest kjent for å ha vandra rundt i eit puppekostyme i Bergen. Kva Josefsen vil by på under turen til Gytta kan vi ikkje heilt setje fingeren vår på.. 
 
Gytta ligg om lag 250 m.o.h. og skuer utover Førde. Med ein godt opparbeidd tursti tek turen rundt 20 minutter ein veg i normalt gå-tempo.  
 
Vil du vere med? Felles avgang kl. 13 frå parkeringsplassen ved Vieåsen barnehage (Rennekleiva 2, 6800 Førde). Opptredenen av kunstnare vil skje underveis når du minst ventar det. Eit godt tips er å følgje med i landskapet mens du går, for å ikkje å gå glipp av magien!  
 
Arrangementet er gratis og ope for alle. Vi minner om smittevern og oppfordrar turgåarane til å halde minst ein meter avstand til kvarandre. 
 
Les meir om Gytta og turløypa her 

Arrangementsserien SIDESPRANG

SIDESPRANG er ein arrangementsserie som finn stad i 2020–21 og er fyrste del av Nasjonalmuseet sin åpningsutstilling «Jeg kaller det kunst». Fram til det nye museumsbygget står klart og utstillinga opnar i 2021, vil det dukke opp performance, video, konsertar og samtalar på uventa stader rundt omkring i landet.

SIDESPRANG er støtta av Fritt Ord.

Utstillinga «Jeg kaller det kunst»

Opningsutstillinga til det nye Nasjonalmuseet heiter «Jeg kaller det kunst». Den skal fylle heile Lyshallen når det nye museumsbygget opnar i 2021. Utstillinga blir den største presentasjonen av samtidskunst i Norge nokonsinne. Til saman utgjer dei nærare 150 utvalgte kunstnarane ein utstilling som skal utforske kva som er utanfor og innanfor i kunsten, og kvifor nokon kunstverk er på museum og andre ikkje.

Les meir om utstillinga her

Regine Stensæth Josefsen

Kunstner Regine Stensæth Josefsen (f. 1988) jobbar på tvers av fleire medium, som måleri, teikning, video og performance. Humor er eit sentralt virkemiddel i arbeida hennar. Josefsen er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim (NTNU) og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Ho bur og jobbar i Oslo.

Josefsen sin opptreden under turen til Gytta blir ein smakebit av hennar bidrag til utstillinga «Jeg kaller det kunst».

Les meir om kunstnaren her