Utstilling

Contemporary Norwegian Architecture # 7

Foto: Nasjonalmuseet / Anne Hansteen Jarre

I november 2011 opna den niande arkitekturbiennalen i São Paulo. Noregs bidrag var Nasjonalmuseet si utstilling Contemporary Norwegian Architecture #7 (valt ut av biennalens hovudkurator). Deltakinga ved biennalen understrekar den store internasjonale interessa for norsk arkitektur.

Contemporary Norwegian Architecture #7 presenterer kvalitetar i enkeltverk og peikar på utviklingstrekk med samfunnsmessig betydning. Utvalet spenner frå den vesle rasteplassen og private bustader til komplekse byggeoppgåver. Ved bruk av ulike presentasjonsformer og nye medium viser utstillinga eit sammensett bilete av norsk arkitektur, realisert dei siste fem åra i Noreg og i utlandet.

Utstillinga er produsert i samarbeid med Utanriksdepartementet.