• 2. mars–27. mai 2007
  • Kunstindustrimuseet

Kinas mest prestisjefylte museum, Shanghai Museum, viser sine skattar i Kunstindustrimuseet. Utstillinga omfattar 90 praktgjenstandar med unike objekt i gull, jade, agat og sølv, samt bronsekar og porselen. Dei spenner over eit stort tidsrom frå det 30. hundreåret før Kristus til det siste keisardynastiet.

Fleire av gjenstandane er nye arkeologiske funn og har tidlegare aldri vore vist utanfor Kina, blant anna fleire gullgjenstandar og ei stor gullkrone som er ein halv meter høg. Shanghai Museum er spesielt kjent for si store samling av rituelle bronsekar, og utstillinga omfatter fleire slike kar. I tillegg vil ein kunne sjå keramikk og porselen som omfattar alle dei berømte kategoriane frå Tang-, Song-, Ming- og Qing-dynastia.

Skattkammer

Utstillinga vil ha skattkammerkarakter og ho er kome i stand som eit samarbeid mellom Shanghai Museum, Oslo kommune og Nasjonalmuseet. Med dette vil Shanghai vise vennkapsbyen Oslo et fantastisk utval av sine finaste skattar.